
Utsikt mot Hjørundfjorden
OBS! Ved å trykke på eit bilete, så får du opp heile biletet slik som det ligg på fotobloggen min.
Etter eit langt semester og eindel arbeid med fotografering av skule-elevar og korps den siste tida, så har eg endeleg ei lita veke fri. Det vil seie at eg har reist heim til Sunnmøre og er ein først her, så er det nesten ikkje mogeleg å kome vekk frå å gå litt i fjellet. Onsdag vart kameraet, litt mat og ein del drikke pakka ned i sekken og eg gav meg i veg i retning Bondalen og Heimste Holen som var utgangspunktet for turen.
Etter å ha parkert bilen, knytt fjellskoa og gjort mitt beste for å ikkje verte angripen av måsar, starta turen oppover mot Lisjedalen på eit lite strekke med skogsveg som glei fint over i ein tydeleg og velmerka sti.

Innover Lisjedalen
Etter ei stund med gåing i lett, men varierande terreng kom eg etterkvart opp til Lisjedalsskaret, der eg hadde ei lita pause, skreiv meg inn i boka og fekk tatt nokre bilde utover Nøvedalen mot Standalseidet, Sætretindane og Hjørundfjorden.

Nøvedalen
Ryggplager
I “Fotturar på Sunnmøre” av Helge Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen, står det dette om turen til Lisjedalshornet: “.. vel 1300 m, er nabotoppen til Dalegubben, men hornet har ein heilt annan oppgang. Frå Heimste Holen kan du gå opp rute 4.10. (Rute frå Standalseidet, gjennom Nøvedalen og Lisjedalen, ned til Bondalen, red. anm.) Ta austover til Keipen og gå ryggen opp til Lisjedalshornet. Middels tung rute. Mål for landskapsfotografar.”
At turen skulle vere eit mål for landskapsfotografar var sjølvsagt den berømte dråpen som fekk meg til å bestemme meg for at dette var toppen eg ville innom. Det gav lovnadar om at utsikta på toppen gjerne var spesielt god, eller at det var mykje flott å ta bilete av på veg opp og ned. Det viste seg likevel at rutebeskrivelsen kanskje ikkje var heilt så enkel å forstå som ein skulle tru. Den tydelegaste ryggen opp mot Lisjedalshornet såg rett og slett ikkje så triveleg ut, så om det var den det var meininga at eg skulle ha gått, så har eg rett og slett funne ein eigen veg opp i dette tilfellet. Turen opp gjekk uansett veldig greit, og eg til tross for at det var jamnt bratt heile vegen frå Lisjedalsskaret, så kom eg velberga både opp og ned.

Grøtdalshornet og vegen ned
På vegen mot toppen hadde eg god tid til å beundre dei flotte Grøtdalstindane som ligg på andre sida av Lisjedalen, men utsikta vart ikkje akkurat verre når eg kom opp på toppen heller.

Utsikt frå Lisjedalshornet
Sidan det ikkje har vore så voldsomt med fjellturar i det siste, så kjente eg høgdemeterane godt i beina og spesielt turen nedover vart tung for bremsemusklaturen i låra, men samstundes fekk eg verkeleg opp lysta på å kome meg opp på fleire Sunnmørstoppar og oppleve endå meir av den fantastiske naturen vi har på desse kantane av landet. Dersom været betrar seg litt i løpet av helga så må eg nesten kome meg ut på ein ny tur og då er det truleg Midtre Grøtdalstind som står for tur.